onsdag 6. februar 2013

Intervju om trimkvart



Vi har intervjua 5 ungdomskuleelevar om trimkvart. Her er eit samandrag av det dei svarte:

Kva synes du om trimkvart? Keisamt, helt greitt.
Kunne noko vore betre? Kva? Meir variert og at 8-10 klasse burde vere inne i friminuttet.
Er det bra organisert? Av og til.
Kva er artigast? Dans, ballspel og å sleppe timar.

Vi intervjua og nokon frå mellomtrinnet for å sjå om det var nokon forskjell:

Kva synes du om trimkvart? Keisamt, kunne vore betre!
Kva kunne vore betre? Det skulle ikkje tatt tid frå friminuttet, meir leik i staden for tur.
Er det bra organisert? Ja.
Kva er artigast? Å vere i gymsalen, gå tur og kanonball.

Våre meiningar om trimkvart er:

Vi er einige om at det er ganske keisamt og langdrygt.
Våre forslag til kva som kunne vore betre er om vi kunne vore meir inne i gymsalen, hatt meir kanonball, volleyball, frisbee osv.
Vi tenkjer at det er heilt greitt organisert, kunne vore betre.
Vi synes aktivitetane på sommaren er artigast. 

Frå ein lærars ståstad:
Det er ikkje viktig at Lesjaskog skule var ein av fem nominerte skular til aktivitetsprisen 2012 i Oppland. Konkurransen i regi av fylket var viktig fordi vi kom i gang med noko som er like viktig som å eta og lesa: å vera fysisk aktive kvar dag. Du blir ikkje sprek av å vera med på 20 min fysak ved Lesjaskog skule kvar skuledag, men skuledagen blir betre, og vi trur på at du som elev lærer meir. Vi er ikkje laga for å sitje i ro, difor er dette naudsynt.

Vi forsøker å lage varierte aktivitetar både ute og inne. Elevane på ungdomstrinnet har og ansvar for å lage opplegg. Ein klarer aldri å gjera alle nøgde, men alle får brukt kroppen sin.

Ola-Matti


Vi har også intervjua rektoren på Lesjaskog skule, Åge Paulsrud, om kva han meiner om trimkvart.

Kva er grunnen til at vi starta med trimkvart?

Utgangspunktet var at alle lærarane var på ein planleggingsdag på Otta og vart inspirert til å delta på ein konkurranse der ein kan vinne 70 000 kr. til eigen skule. Skulen rydda plass på timeplanen, slik at vi fekk 20 minutt med fysisk aktivitet kvar dag, frå 1. februar. 2012 og vidare ut skuleåret. Betydinga av fysisk aktivitet for læring vart veldig tydeleg dokumentert på denne planleggingsdagen.

Korleis har vi organisert det?

Vi har tatt 10 minutt ut av undervisningstida rett etter langfri og elevane har gjeve 10 minuttar av langfri kvar dag for at vi skal få 20 minutt samanhengande trim. Elevane er delt i to med 39 elevar på kvar gruppe. Lærarar har ansvar for kvar si gruppe.

Kvifor kan vi droppe vanlege timar, og heller ha trimkvart?

Fordi det er dokumentert at fysisk aktivitet er viktig for evna til å lære, og fordi det er sosialt og bra for skulen å gjere noko i fellesskap.

Kva trur du elevane synes om trimkvart? Trur du dei er positive eller negative til trim?

Mitt inntrykk er at det er mest positive haldningar til denne aktiviteten. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar