onsdag 30. januar 2013

Nyttårsball ved skula fredag 25. januar 2013

Nyttårsballet var ein suksess!

Elevane har trena på dansing og polonese før sjølve kvelden, og det gjorde nok sitt til at kvelden vart prega av eit høgt aktivietsnivå med mange smilande andlete å sjå. Tiandeklassingen Jon: " Opplegget var veldig bra. Det var mykje folk, og å danse "gangnam-style" var ein stor hit! Etter 22, då småtassane for heim att, var det allsang. Cred til Marius for å syngje E6 av DDE frå scena. Dette er det beste nyttårsballet eg har vore på." Anders S og Jonas B.V er samstemde i kommentaren "tipp-topp-tommel-opp." Lærarane vi har prata med er også godt nøgde. Heidi V skryt av organiseringa og det høge aktivitestnivået. Det var mykje dansing! 9.klassingane saman med foreldre og kontaktlærar Ingunn Enstad har gjort ein kjempejobb for å få til ein så morosam kveld. Heidi BT skryt og av organiseringa og aktivtetsnivået, men ho er meir sjølvkritisk i forhald til estetikken rudnt si eiga dansing. Vi på valfag meiner Heid BT kom godt ut av det. Innsatsen overgår estetikken denne runda.


 



 


 
 
 
Alle foto: Hanne Mona Rindseter Bakken

1 kommentar: