onsdag 20. februar 2013

Fysikk i barnehagen


Tysdag 19.februar var 8.klasse på besøk i barnehagen. Vi besøkte Hovdan, altså dei eldste barna. Fyrst viste vi dei våre triks, deretter viste dei oss nokre triks. Nokon av triksa vi gjorde var:
  •         Tenne på pengar, utan at dei brenn opp.
  •         Stå på vaffelrøre, utan å synke.
  •          2 skumvulkaner
  •        Cola og mentos vulkan

Vi trur og håpar at barnehagen likte det vi gjorde og kanskje vi kan komme attende ein annan gong, vi synes dette var eit artig opplegg.
Etter vi var ferdige skulle nokre av barna også gjere nokon triks, dei laga ein undervannsvulkan og hang ei teskei på nasen. Dei hadde også eit veldig artig triks, dei blåste opp ca.15-20 ballongar i lik størrelse, la dei på golvet og sette eit bord opp ned på ballongane. Etter det stod på bordet, vi var ca.10 personar oppå bordet, ballongane sprakk etter litt. Til slutt åt vi nistepakka vår saman med barnehagebarna og gjekk til skulen att.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar