onsdag 13. februar 2013

Kvardag


På bloggen har vi skrive om spesielle hendingar som turar, nyttårsball osv. Det vi ikkje har snakka noko om er vanlege timar og undervisning. Korleis er eigentleg kvardagen for ein elev i åttande klasse ved Lesjaskog skule.

Fyrste timen brukar å vere litt ”daud”, men utover dagen blir det som oftast litt meir liv i oss. Siste timen kan også vera litt ”daud”  til tider. Fyrste timen er ”daud” fordi vi kanskje er litt trøtte, som oftast vore oppe litt for lenge kvelden før, siste timen fordi då byrjar vi bli kjei og lei. Undervisninga foregår ved at vi sitt ved studiepultane våre eller ved midtborda. Læraren står ved tavla, skriv litt og pratar, vi noterer. Vi kan også ha gruppearbeid, då sitt vi i små grupper på 2-4 personar. Dei fleste ynskjer å lage power-point når vi har gruppearbeid, for då kan vi nytte pc, samtidig som vi jobbar.


Nå som vi går på ungdomsskulen har vi ein del lekse, når vi kjem heim kan vi ha alt frå 10minutt til 1time der vi sitt å gjer lekse. Vi har også innleveringar og rapportar som vi skal levere til da og da. Når vi har det leverer vi som oftast på ”its learning”, men nokon gonger leverer vi på minnepenn til læraren. Vi får også karakter vurdering på nesten alt vi leverer inn av tekstar og rapportar.

I løpet av ein skuledag har vi 3 friminutt, 2 korte og eit langt. Dei fleste 8.klassingane er inne i kantina eller så spelar dei ping-pong i Vesterbyla. Det er også nokre som er ute i friminutta. I det lengste friminuttet spiser vi. Nokre spiser på klasserommet, og nokon spiser i kantina. I kantina er det og’ mogleg å kjøpe seg drikke og mat. Når det lengste friminuttet er over er det trimkvart.

Korleis overleve ein vanleg skuledag på Lesjaskog skule:
  • Ver utkvilt. Legg deg tidleg nokk slik at du er utkvilt til neste skuledag.
  • Følg med. Følg med i timane og viss du syns faget er kjedeleg eller at læraren ikkje er så ”kul”, så bare lat som om du følgjar med, læraren blir så glad for det.
  • Ver kreativ. Ha ein god og kreativ matpakke, da er det meir fristane å ete ho. Lag den sjølv slik at du veit at du likar ho. Og viss du ikkje gidder å lage ho på morgonen så gjer det om kvelden og sett den i kjøleskåpet.
  • Et godt. Hugs å ete godt. Det blir faktisk meir interessant viss du har mat i magen. Hugs: frukost er dagens viktigaste måltid!
  • Ver positiv!

Håper dette vil bli bra!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar