onsdag 5. november 2014

Vinterbilder





BPL analyse

Premier League er i gang igjen. Etter den fantastiske sesongen i fjor, har denne sesongen mykje å leve opp til. Manchester City tok ein knapp seier i fjor over Liverpool med eitt poeng. Her er analysen om dei laga vi trur kjem på topp fire i år.

     1.  Chelsea
Keeper: Courtois hadde to fantastiske sesongar på utlån i Atletico Madrid. Han har starta fast over Cech den sesongen. Så dei har ein fantastisk fyrste og andre keeper. Rating: 9/10

Forsvar: Var PL sitt kanskje mest kompakte forsvar, men tapt seg litt i år. 10 mål imot på 10 kampar i . Azpilicueta var PL sin beste back i fjor, pluss råskapen til Terry og Cahill var dei definitivt best bakover i fjor. Men i år har det vært litt frynsete, men fortsatt gode tendensar. Rating: 8/10

Midtbane: Schürrle, Oscar, Hazard, Fabregas og Matic er mest sannsynleg Premier Leagues beste midtbane. Dei har ekstrem fart på kantane pluss kreativiteten til Fabregas og taklingsferdigheitene til Matic er det ein nesten perfekt midtbane. Einaste minuset er Oscar som er litt lite kreativ til å være offensiv midtbane. Rating: 9,5/10

Angrep: Diego Costa med 9 mål på 8 kampar. Seriens beste spiss så langt. Han er nykjøpt frå Atletico Madrid der han også vart 3. plass på toppscorarlista i BBVA. Sommarens beste kjøp. Vi tippar at han blir toppscorar. Rating: 10/10

Flickr.com/William Randall 

 2. Manchester City
Keeper: Joe Hart var sterkt kritisert for førre sesong, men har nå begynt å plukke seg opp igjen. Rating: 7,5/10

Forsvar: Dei har seriens beste midtstopper i Vincent Kompany. Ein relativt stødig duo mellom han og Demichelis. To veldig offensive backer i Clichy og Zabaleta.
Alt i alt eitt greitt forsvar. Rating: 8/10

Midtbana: På Midtbana er det Yaya Toure som styrar. Han spring ned alt som møter han og han serverar mange mål til Spissane. David Silva, Nasri og Navas er også ein viktig del av City Sitt lag, men Yaya er nok best. Rating: 8/10

Angrep: City har mange gode spissar inkludert Dzeko, Jovetic og Agüero. Dzeko var lenge ansett som ein super innbytar, men er nå ein fast del av laget. Agüero, som scora  serievinner målet mot QPR i 2012, var lenge skada, men er nå tilbake. Jovetic som kom Fiorentina i 2013 vart skada nesten med ein gong, og var inn og ut av laget. I år så scora han 2 mål mot Liverpool i ein kamp.  Så han er vel for så vidt tilbake. Dei har også lånt ut Negredo og Guidetti. Rating: 9/10

Flickr.com/Colin Davidson

3. Manchester United
    Keeper: De Gea har kanskje seriens beste refleksar. Var veldig middelmådig første sesongen, men har etablert seg til å bli ein av de beste keeperane i ligaen. Rating: 9/10
   
   Forsvar: Rett og slett helt forferdeleg. Jones og Blackett er tragisk dårlege. Men Blackett er fortsatt ung, så han kan bli betre. Shaw har ikkje gjort noko særleg enda, Rojo har prestert heilt greitt. Rafael er heilt midt på treet. Rating: 5/10
  
   Midtbane: Den nylige innhenta Di Maria har prestert bra og han scora eit nydelig mål mot Leicester City og han hadde 3 assist i ligaen i skrivande stund. Mata har gjort det helt greitt og har scora eit mål så langt. Daley Blind har gjort det bra i dei kampane han har spelt. Ander Herrera har gjort det bra dei kampane han har spelt han og. Han gjor det spesielt bra i kampen mot QPR. Rating: 8/10.
    
    Angrep: Wayne Rooney har spelt 6 kampar så langt og scora 3 mål. Han har spelt bra dei kampane han har spelt. Radamel Falcao er nåtidens kanskje mest kompakte spiss og han er god til å score mål. Van Persie er den beste spissen dei har. Han har scora nest mest mål av spissane deira denne sesongen.  Rating: 8,5/10

Flickr.com/Live4Soccer
Keeper: Szczęsny er veldig på og av. Eine kampen kan han være ein av verdas beste, neste så kan han suge fullstendig. Han er altfor ujevn. Rating: 6,5/10

Forsvar: Med Koscielny og Mertesacker Pluss Debuchy og Gibbs som backer har dei eitt brukbart forsvar. Når dei også henta inn Calum Chambers frå Southampton som er eit stort talent. Rating: 7,5/10

Midtbane: på midten har Arsenal spelare som Ôzil, Ramsey, Wilshere og Cazorla vore gode før. Dei har vert heilt greie heile sesongen. Ramsey og Wilshere har vore dei beste av dei.
Cazorla har ikkje imponert denne sesongen. Rating : 7/10

Angrep: Den nyaste angriperen er Danny Welbeck. Sanchez kom også til klubben denne sesongen. Begge dei har gjort mykje bra. Dei har også ein mykje skadeutsatt Giroud og ein middelmåtig ung Sanogo som Backup. Rating: 7,5/10


Kjelde:Flickr.com/Rohan Thacker

Desse er de vi trur havnar på topp 4 i år. Takk for at du leste artikkelen og gjerne del den med andre.

onsdag 29. oktober 2014

The Big Bang Theory

Showet handlar om fem personer som bur i Pasadena i California. Først og fremst er det romkameratane og forskarane Leonard Hofstadter og Sheldon Cooper. Over gangen bor Penny, ei servitrise og som har eit ønske om å bli skodespelar. Til slutt er det Leonard og Sheldons venner og kollegaer: maskiningeniøren Howard Wolowitz og astrofysikaren Rajesh Koothrappali. Til saman, påvirkar dei fire nerdane det sosiale og fornuftige livet til Penny.
https://www.flickr.com/photos/colorinchi/3128301063/in/photolist-5LrmVe-ddubKm-dducFe-dduc8v-6LeLj1-dBJqt3-6LawgT-8RVYZG-7V3LBf-awS5We-9o8sSw-gUs9Hn-8o3xWP-8n3qCu-6LeMgm-8S9n5z-8SkXe4-iE1DBJ-6UjA9U-5no38m-bxQBcT-8o3xyt-9RLzkB-bmkk1L-6UfyAv-6Lax7p-8Vmm2c-8VpoGw-7zUKRc-pa1GvS-6Ujz87-f3gm9g-6fWHZJ-6fSuW6-6LeBA9-ahvQw2-ahyBo9-ahyz1G-4NLFER-a77Lmc-8r4q2X-a77MXi-79bMBC-6mbfJ9-a7aG1Y-b7d9wi-a7aFg9-aUuXpH-6fSroT-8DALpX

Etter kvart blir vi kjent med Bernadette Rostenkowski, som etter kvart blir Howards kone og som er ein fysikk-kollega av gutane. Vi blir også kjent med nevroforskaren Amy Farrah Fowler som etter kvart blir Sheldons kjæraste. Stuart Bloom blir også ein kjent karakter når vi stikker innom teikneserie-butikken, som vi er ganske ofte innom.

Programmet har vert nominert 124 gangar til forskjellige priser, og har vunne 41 av dei. Dei har bla. vunne prisene Emmy, Golden Globes og Critics Choice Television Awards.

Her er ein oversikt over alle prisene dei har vunne: Priser

https://www.flickr.com/photos/37825670@N07/3561852513/in/photolist-6qKqEe-6Rubnv-5niMLR-7GVkr6-e9SPTX-dducr9-6LaEsi-6LatuT-ddubbq-6LavrR-6Lauvg-8SX6kX-bDaooW-6LaGKV-5GBPBc-bATLW4-8SctaQ-6EhLvr-mb3n82-ddubKm-dducFe-dduc8v-6Lax7p-dBJqt3-6LawgT-8Vmm2c-8VpoGw-8RVYZG-7V3LBf-7zUKRc-awS5We-pa1GvS-6LeMgm-8S9n5z-8SkXe4-6UjA9U-bmkk1L-6UfyAv-5LrmVe-6LeLj1-9o8sSw-gUs9Hn-8o3xWP-8n3qCu-iE1DBJ-5no38m-bxQBcT-8o3xyt-9RLzkB-6Ujz87
bilete 2
Serien er skapt av Chuck Lorre og Bill Prady. Det er veldig viktig for skaparane at dei brukar riktig fakta, og for å forsikre seg om det er det fysikarar på settet til ein kvar tid.


Mange folk trur at skodespelarane har blitt smartare etter at de var med I programmet. Men på en pressekonferanse på Comic-Con international i San Diego, 31. juli 2008. Svarte Nayyar (som spiller Rajesh Koothroopoli) at dei var akkurat like dumme som før. Den som antagligvis har lært mest av hele besetningen er produsenten Bill Prady, som viste sine kunnskapar under en quiz mot skodespelarane og Chuck Lorre, på Comic-Con.
https://www.flickr.com/photos/therainstopped/3782398390/in/photolist-6LeMgm-8S9n5z-8SkXe4-iE1DBJ-6UjA9U-5no38m-bxQBcT-8o3xyt-9RLzkB-bmkk1L-6UfyAv-6Lax7p-8Vmm2c-8VpoGw-7zUKRc-pa1GvS-6Ujz87-f3gm9g-6fWHZJ-6fSuW6-6LeBA9-ahvQw2-ahyBo9-ahyz1G-4NLFER-a77Lmc-8r4q2X-a77MXi-79bMBC-6mbfJ9-a7aG1Y-b7d9wi-a7aFg9-aUuXpH-6fSroT-8DALpX-cjiikw-6UjBBG-8DDTyb-8DDTwS-eBZUN2-6LeXgL-4LoC1F-a7aEqf-a77Mbr-a7aGru-9yiug3-cJmErb-b7PAq8-6HFB1K





Sheldon Cooper: Jim Parsons
Født: 24. Mars 1973, Houston, Texas, USA

Yrke: skodespelar, koreograf

Penny: Kaley Cuoco
Født: 30. November 1985, Camarillo I California USA

Yrke: skodespelar

Leonard Hoffstander: Johnny Galecki

Født: 30. April 1975, Bree I Belgia

Yrke: skodespelar

Howard Wolowitz: Simon Helberg


Født: 9.desember 1980

Yrke: skodespelar og komikar

Rajesh Koothrappali: Kunal Nayyar

Født: April 30, 1981

Yrke: skodespelar

Amy Farrah Fowler: Mayim Bialik

Født: 12 desember 1975

Yrke: skodespelar

Bernadette Rostenkowski: Melissa Rauch

Født:23 juni 1980

Yrke: skodespelar







onsdag 15. oktober 2014

eSport

 eSport er elektronisk sport/gaming med et lag eller aleine. Det går ann å starte eit eiga lag utan å være profesjonell og du kan bli oppdaga av sponsorer sjølv om du er «amatør». Viss du vil ha sponsorer så er det lurt å gå på store turneringer å få gode resultater. eSport kan være mange spel som LoL (League of Legends) Dota 2, Call of Duty osv. Det er som oftast turneringer i disse spela på mange LAN (Arrangement med mange folk i alle aldre som speler spel). Dersom du blir ordentlig god kan dette bli jobben din etter som du har fått sponsorer. Dei fleste som driver med eSport streamer det dei spiller. Dette gjør dei for å få pengar. Spillakademiet: eSport passer for deg som liker å spelar på lag, som ønskar å bli en betre lagspelar, ønsker å spele eSport på toppnivå, delta på turneringer i Norge og Europa. Dette året så spesialiserer det seg i League of Legends. Neste år så spesialiserer dei seg meir om Counter Strike. http://gametag.no/category/norsk-esport/

onsdag 17. september 2014

Korleis går det, Nina?

I dag har vi intervjua Nina Furuheim som er den nye rektoren ved Lesjaskog skule.

1.    Korleis er det å vere rektor?
-Arbeidsdagen er variert med mange ulike oppgåver, og det er morosamt!
2.    Trivst du som rektor?
-Ja.
3.    Kvifor søkte du på rektorstillinga?
-For å sjå om eg hadde sjanse på jobben.
4.    Er det ein stor forandring å gå frå lærar til rektor?
-Ja, ein har ikkje like mykje undervisning som før. Eg saknar kontakten med elevane  og eg har ansvar for alt muleg rart.
5.    Kor lenge (tenkjar du nå) vil du være rektor ved Lesjaskog skule?
-Eg veit ikkje, så lenge eg synas at det er morosamt.
6.    Korleis er det å være  rektor for eigne ungar?
-Eg synas det er greitt , så lenge dei oppfører seg ordentlegJ
7.    Kva vil du få til?
-Eg vil at det fortsatt skal være ein bra skule og at lærarar og elevar trivast.
8.    Kva gjer at dette er ein av dei beste skulane i landet, og kva kan du gjere for å forbetre den?
-Summen av gode lærarar og flinke elevar som veit kvifor dei er på skulen og foreldre som følg opp elevane. Fortsette med godt samarbeid mellom alle partar.
      9. Er det nokon utfordringar du må takle?

           -Skula er ei regelstyrt verd. Eg har fylgt reglane som lærar, men no må eg ha full oversikt over alle reglane.

Nina ser litt streng ut her. Kan hende må ho vera det av og til, men Nina er stort sett snill og grei!

onsdag 3. september 2014

1999 moh.

Kvart år går ungdomsskulen ein tur og i år gjekk turen til pyttbua:

Vi i ungdomsskulen og 3 lærararar møtte på skulen til vanleg tid og der i frå så blei vi kjørt til Tunga. Der byrja vi å gå. Vi gjekk i fire og en halv time. Nokre tok forskjellige vegar, men alle kom fram. Då vi var framme ved hytta, var alle veldig slitne. Resten av dagen slappa alle av og gjorde kva dei ville. Vi leikte litt boksen går og spelte kort.  Det var stille på romane kl.11.













Klokka halv ti begynte vi på ein lang og tung tur mot Pyttegga. Det var godt og varmt ute. Dei som starta turen med genser, måtte ta den av seg fort. Vi gjekk ikkje lenge før vi kom til den første stigninga. Vi gjekk på ein stig og den var bra synleg. Oppover første fjellet vi kom til, var det steinur. Viss du ikkje var forsiktig, kunne det gå galt der. Det var ingen som gjekk på trynet, så det gjekk relativt bra. Sola steika fortsatt.
Etter alle kom opp det første fjellet var det berre steinur du såg. Stein, stein og atter stein. Det var veldig fin utsikt der, men det skulle bli finare då vi kom opp. Det var smart og ikkje drikke opp drikka si med ein gong, for det var lenge til vi fann meir vatn. Folk gjekk i veldig variert tempo, men Hilde gjekk fyrst.
Etter kvart nærma vi oss tre vatn. Der kunne vi fylle flaskane våre. Vi fekk tid til å ete ved vatna. Når vi starta skulle alle gå bak Hilde, og vi stoppa nesten kvart tiande minutt.  Det var veldig bratt oppover, så det var bra vi tok nokon pausar. Det var fullt av skarpe steinar. Det var til og med snø oppover der.
Når vi kom opp var alle veldig fornøyde med egen og andre sine prestasjonar. Då alle var oppe kunne alle ete og drikke og kose seg med utsikta. Frå toppen kunne vi sjå heilt ned til Åndalsnes og nesten heilt til Dombås. Ola-Matti rigga opp radioen sin på toppen. Han fikk inn 33 personar på toppen. Han var den første som hadde satt opp radio på Pyttegga. Då vi skulle gå ned at, stoppa alle ved dei tre vatna. Etter ei ri fekk alle gå i sitt eiga tempo ned til hytta. Då alle hadde komme ned fekk vi lapskaus til middag og sjokoladepudding med vaniljesaus til dessert.
Alt i alt var det ein fin tur opp på Pyttegga


Vi sto opp klokka 07.00. Då hadde vi ein time på oss til å pakke, eta og komme oss ut av hytta. Dei vaksne var så snille at dei ville vaske hytta for oss. Då klokka var rundt 9 var dei vaksne ferdig og vi begynte å gå. Vi gjekk i greitt tempo og turen ned tok rundt 3 timar. På vegen heim tok vi 3 pausar, to drikkepausar og ei matpause. Været var fint og det var temperaturen også. Ca. klokken 13.00 kom vi ned til parkeringa. Etter ein fin tur satt vi oss slitne i bilane og køyrde heim.










På Pyttbuturen gjekk vi langt, klatra i bratt terreng på berg og stein og til slutt greidde alle å nå toppen på det høgaste fjellet i hele Møre og Romsdal. Likevel handlar det om noko større. Ei gruppe. Eit fellesskap som er saman i målet om å nå toppen. Om å greie noko. Om å meistre noko saman. Om å stifte eit band og lære å kjenne kvarandre på ein annan måte. Om fellesskapet.

















onsdag 15. januar 2014

Stutte info-filmar og moviemaker

Vi har arbeidd med å lage stutte informasjonsfilmar. Vi har og øva oss på å redigere dei i programmet Moviemaker. Det er eit redigeringsprogram som ofte følgjer med Windowspakka. Dei heile er eit ledd i å førebu seg til eit prosjekt vi har saman med Lesja ungdomsråd. Dei skal lage ein film om korleis det er å vera ung i Lesja. Vi skal gjera noko av filminga og intervjua for dei, og det gjer at vi må bli betre på å arbeide med kamera, filmfiler og Moviemaker.

Her ser du resultatet av øvingane våre så langt. Vi vonar at nokon kan ha nytte av filmane.

1) Korleis spele C-du skalaen på trompet?
2) Korleis rekne ut areal og omkrets av ein sirkel?
3) Konstruere og halvere 90graders vinkel
4) Korleis rekne ut prosent av eit tal