Vi
i ungdomsskulen og 3 lærararar møtte på skulen til vanleg tid og der i frå så
blei vi kjørt til Tunga. Der byrja vi å gå. Vi gjekk i fire og en halv time.
Nokre tok forskjellige vegar, men alle kom fram. Då vi var framme ved hytta,
var alle veldig slitne. Resten av dagen slappa alle av og gjorde kva dei ville.
Vi leikte litt boksen går og spelte kort. Det var stille på romane kl.11.
Klokka halv ti begynte vi på ein lang og tung tur mot Pyttegga. Det var godt og varmt ute. Dei som starta turen med genser, måtte ta den av seg fort. Vi gjekk ikkje lenge før vi kom til den første stigninga. Vi gjekk på ein stig og den var bra synleg. Oppover første fjellet vi kom til, var det steinur. Viss du ikkje var forsiktig, kunne det gå galt der. Det var ingen som gjekk på trynet, så det gjekk relativt bra. Sola steika fortsatt.
Etter
alle kom opp det første fjellet var det berre steinur du såg. Stein, stein og
atter stein. Det var veldig fin utsikt der, men det skulle bli finare då vi kom
opp. Det var smart og ikkje drikke opp drikka si med ein gong, for det var
lenge til vi fann meir vatn. Folk gjekk i veldig variert tempo, men Hilde gjekk
fyrst.
Etter
kvart nærma vi oss tre vatn. Der kunne vi fylle flaskane våre. Vi fekk tid til
å ete ved vatna. Når vi starta skulle alle gå bak Hilde, og vi stoppa nesten
kvart tiande minutt. Det var veldig
bratt oppover, så det var bra vi tok nokon pausar. Det var fullt av skarpe
steinar. Det var til og med snø oppover der.
Når vi kom opp var alle veldig fornøyde med egen og
andre sine prestasjonar. Då alle var oppe
kunne alle ete og drikke og kose seg med utsikta. Frå toppen kunne vi sjå heilt
ned til Åndalsnes og nesten heilt til Dombås. Ola-Matti rigga opp radioen sin
på toppen. Han fikk inn 33 personar på toppen. Han var den første som hadde
satt opp radio på Pyttegga. Då vi skulle gå ned at, stoppa alle ved dei tre
vatna. Etter ei ri fekk alle gå i sitt eiga tempo ned til hytta. Då alle hadde
komme ned fekk vi lapskaus til middag og sjokoladepudding med vaniljesaus til
dessert.
Alt
i alt var det ein fin tur opp på Pyttegga
Vi
sto opp klokka 07.00. Då hadde vi ein time på oss til å pakke, eta og komme
oss ut av hytta. Dei vaksne var så snille at dei ville vaske hytta for oss. Då
klokka var rundt 9 var dei vaksne ferdig og vi begynte å gå. Vi gjekk i greitt
tempo og turen ned tok rundt 3 timar. På vegen heim tok vi 3 pausar, to drikkepausar
og ei matpause. Været var fint og det var temperaturen også. Ca. klokken 13.00 kom
vi ned til parkeringa. Etter ein fin tur satt vi oss slitne i bilane og køyrde
heim.
På Pyttbuturen gjekk vi langt, klatra i bratt terreng på berg og stein og til slutt greidde alle å nå toppen på det høgaste fjellet i hele Møre og Romsdal. Likevel handlar det om noko større. Ei gruppe. Eit fellesskap som er saman i målet om å nå toppen. Om å greie noko. Om å meistre noko saman. Om å stifte eit band og lære å kjenne kvarandre på ein annan måte. Om fellesskapet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar