I dag har vi intervjua Nina Furuheim som er den nye
rektoren ved Lesjaskog skule.
1.
Korleis er det å vere rektor?
-Arbeidsdagen er variert med mange
ulike oppgåver, og det er morosamt!
2.
Trivst du som rektor?
-Ja.
3.
Kvifor søkte du på rektorstillinga?
-For å sjå om eg hadde sjanse på
jobben.
4.
Er det ein stor forandring å gå frå
lærar til rektor?
-Ja, ein har ikkje like mykje
undervisning som før. Eg saknar kontakten med elevane og eg har ansvar for alt muleg rart.
5.
Kor lenge (tenkjar du nå) vil du
være rektor ved Lesjaskog skule?
-Eg veit ikkje, så lenge eg synas
at det er morosamt.
6.
Korleis er det å være rektor for eigne ungar?
-Eg synas det er greitt , så lenge
dei oppfører seg ordentlegJ
7.
Kva vil du få til?
-Eg vil at det fortsatt skal være
ein bra skule og at lærarar og elevar trivast.
8.
Kva gjer at dette er ein av dei
beste skulane i landet, og kva kan du gjere for å forbetre den?
-Summen av gode lærarar og flinke
elevar som veit kvifor dei er på skulen og foreldre som følg opp elevane.
Fortsette med godt samarbeid mellom alle partar.
9. Er det
nokon utfordringar du må takle?
-Skula
er ei regelstyrt verd. Eg har fylgt reglane som lærar, men no må eg ha full
oversikt over alle reglane.
Nina ser litt streng ut her. Kan hende må ho vera det av og til, men Nina er stort sett snill og grei!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar