Vi har arbeidd med å lage stutte informasjonsfilmar. Vi har og øva oss på å redigere dei i programmet Moviemaker. Det er eit redigeringsprogram som ofte følgjer med Windowspakka. Dei heile er eit ledd i å førebu seg til eit prosjekt vi har saman med Lesja ungdomsråd. Dei skal lage ein film om korleis det er å vera ung i Lesja. Vi skal gjera noko av filminga og intervjua for dei, og det gjer at vi må bli betre på å arbeide med kamera, filmfiler og Moviemaker.
Her ser du resultatet av øvingane våre så langt. Vi vonar at nokon kan ha nytte av filmane.
1) Korleis spele C-du skalaen på trompet?
2) Korleis rekne ut areal og omkrets av ein sirkel?
3) Konstruere og halvere 90graders vinkel
4) Korleis rekne ut prosent av eit tal
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar