14.januar hadde ungdomsskulen + 7.kl ved Lesjaskog skule
besøk av ein mann som heitte Ola A. Hegdal. Han kom for og lære oss å teikne og
utforme teikneseriar. Ola er ein teikneserieskapar, i år reiser han rundt i
heile Norge på skular og lærar barn og ungdom å teikne teikneseriar.
Kvifor ville du bli teikneserie teiknar?
-Fordi eg likte å lese dei, og då hadde eg også lyst til å prøve å
teikne dei sjølv.
Korleis er det å reise rundt på skular?
-Hyggeleg, men også slitsamt. Eg må jo ligge mykje på hotell, og får
derfor ikkje våre så mykje heime med familien min.
Kva er viktigast med ein teikneserie?
-Viktig å ha ei historie, men også fint viss ein teiknar bra.
Han teikna fyrst ein sirkel, ein trekant og eit rektangel.
Så teikna han Phineas som trekanten, Ferb som rektangelet og Candace som
sirkelen. Og vi må berre seie det, det vart veldig likt. Han var kjempe flink
til å teikne. Han lærte oss også og teikne strekmann og ein hodefoting. Ein
hodefoting er berre så enkelt som føter med hovud, kan også ha armer.
Vi synes dette var eit artig og lærerikt kurs i korleis ein
kan teikne teikneseriar lett og effektivt, men samtidig også få ein fin
teikneserie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar