onsdag 13. mai 2015

Kokkekamp i Vågå

Kokkekampen bli arrangert i Vågå, og har vore arrangert 2 år i år. Kokkekampen er for alle 9. klassingar i Nord-Gudbrandsdalen, der skal dei lage ein hovudrett og ein dessert kvar. Hovudretten og desserten må innehalde 2 råvarer frå Nord-Gudbrandsdalen. 


Her er eit intervju med læraren i mat og helse på Lesjaskog skule:
Sps: Kva synes du om kokkekamp som mat og helse lærar?
Svar: Kokkekamp er kjempeartig og lærerikt. Det er viktig å lære om lokalprodukt. Eg håpar og at elevane synes det er artig.
Sps: Korleis var arbeidsinnsatsen i år kontra 2014?
Svar: Det var kjempebra innsats. Dei var veldig ivrige. Det virka ikkje som dei var nervøse i det heile tatt. Dei var også veldig godt forberedt.
Sps: Var du fornøgd med resultatet?
Svar:  Ja. Alle kan ikkje vinne.
Sps: Kva slags matrett lagde laget?
Svar: Lammegryte med grønsaker og potetmos. Fløyte frå Avdem. Rotgrønsakar frå Avkrus. Rullekake med krem, bær, sjokolade frå Mjølkerommet på Bjorli. Det var viktig med lokalprodukt.
Sps: Gledar du deg til neste år?
Svar: Ja, fordi same klassane skal til neste år, og da er dei kanskje enda meir ivrige og dei veit kva dei skal gjere.

I årets kokkekamp fikk ikkje Lesjaskog noe premie og Vågå ungdomsskule fikk 1.plass. Det var jamt mellom Lesja og Vågå, men Vågå gikk av med sigeren.
Lesjaskog sitt lag i år var Anette, Vilde, Stian, Simen. Vara var Celine og Joakim. Lesjaskog sitt lag drog frå Lesjaskog skule kl.7:50. Alle hadde på seg Kokkekamp T-skjorte. Lesjaskog lagde Lammegryte til hovedrett og til desert lagde dei Rullekake. Vågå som vant kokkekampen 2015 lagde Lammefillet med smørdampa rotgrønsaker  og fløtegratinerte poteter.
Juryleder var Arne Brimi.

Fjorårets kokkekamp vann Vågå og Lesjaskog kom på tredjeplass. Det var vi veldig stolte av og vi var veldig likt med andreplassen. Det var mange gode matrettar der i fjor også. Dei som ikkje var med å lage mat gjekk rundt på ``stands`` og smakte på mat og gjorde forskjellige aktivitetar.


Her er nokre bildar frå årets Kokkekamp:


onsdag 25. mars 2015

Eldrefest 25.3.15

Eldrefest Lesjaskog skule, 25.3.15. Ein unik og triveleg fest!
For åttande året på rad var alle over 67 år frå Verma til Lesjaverk inivtert til eldrefest på skula. FAU arrangerer, og skula hjelper til med ymse oppgåver. Alle elevane har noko å gjere. Dei minste bretter servietter. 2-4.klasse dekker på til 150 deltakarar, 5-7 tenkjer ut borplassering og skriv bordkort. Dette er noko av det unike med festen: 25 bord med omtrent 6 gjester på kvart bord. Alle borda skal helst vere ei god blanding av eldre, elevar og lærarar. 8-9 har mykje å gjere for dei skal både vere gjester, servere og ordne snitter saman med nokre foreldre.
Slik er gangen i festen:
10.klassingane tar i mot dei eldre og viser dei kvar dei skal sitje. Dette er ei viktig oppgåva. Det skal vere triveleg og trygt å vere gjest hjå oss.
Hilde Lieslien, FAU-leiar, fortel alle festdeltakarane kva innhald festen har, og i kva rekkjefølgje ting skal skje. Hilde er ei ryddig dame og leia festen på ein utmerka måte. Det gjer at alle frå 8-90 veit kva som skjer.
Før vi et syng vi Lesjaskogsongen. Det gjer godt å syngje i lag, og at fleire generasjonar er samla i felles song.
Vi får servert mat og drikke, som består av brødskiver med diverse pålegg, og juice, te og kaffe til drikke. Det blir som regel ikkje mykje igjen, og det er eit god teikn på at alle kosar seg. I år hadde FAU fått penger frå Alma Enstads minnefond. Det er vi takksame for!



Quiz
Alle deltar i en quiz på 15 spørsmål, det var eitt bord som hadde alt rett. Quizmaster Henrik Slettum med bordkameratar vann suverent. Han kan vere ein god quizalliert neste år. Vi vil også gjere merksame på at Ingunn Enstad er kjend som eit lokalt råskinn på quiz. Spørsmåla handla om lokale fakta, og dei var laga slik at alle kunne vere med. Det var høg konsentrasjon og god stemning under quizen. Festgeneral Lieslien var nok noko fortusta på at noko fekk alt rett.

Vi spurde to lærarar om kva dei syns om festen.
Thea:
Kva synst du om eldrefesten?
-         Eg syns festen var veldig bra. Mange flinke elevar.
Korleis opplever du eldrefesten?
-         Eg har eit veldig godt inntrykk.
Kva synst du er det beste med denne festen?
-         Det beste er nok samhaldet. At eldre og yngre kjem saman og fe prate og fortelje.

Henrik:
Kva synst du om eldrefesten?
-         Kjempefint tiltak, veldig bra jobba av alle som er med å arrangere.
Korleis opplever du eldrefesten?
-         Kjempefin, god mat og god underholdning.
Kva synst du er det beste med denne festen?
-         At unge og gamle kan møtest å ha det triveleg saman.

Rullekake må det vera!
Etter heftig hjernearbeid er det støtt godt med noko søtt. I år var det rullekaka laga av elevane i 8-9 og nokre frå mellomtrinnet.
Underhaldning
Ein stor fest kan ikkje vera utan innhald. Ungdomsskola stilte med elevar som speler i eiga band: Madeleine, Ruben, Sondre, Brage og Sigrun. Dei spela 2 låter, og dei sat som eit skot. Småskula song fint, 3-4.klasse dansa linedance og song, og heile mellomtrinnet song den finaste eg veit mellom anna.
-         Det er ei stor forandring i skula sia mi tid, seier nøgd festdeltakar Johan Inge Rønningen frå Vinstra. Hadde du stukke ein mikrofon i fjeset på oss, hadde vi ikkje takla det, seier han. Ungane no får sjølvtillit til slike oppgåver. Dette er ein alle tiders fest, og det mest morosame er å sjå elevane framføre song eller anna.


Sigrid Trøite Thøring, Lesjaverk er kjempegald for å vera over 67! –Vi blir så godt tekne vare på, seier ho med eit smil. Dette er eit godt opplegg, og det er heilheita som er så vellukka. Eg er full av beundring.

Vi spurde to elevar om kva dei tykte om eldrefesten.
Elev 7. trinn:
Kva tykkjer du om eldrefesten?
-Det er betre enn vanleg skule.
Kva tykkjer du var bra på eldrefesten i år?
-Det var bra underhaldning, god mat og flinke elever
Kva gjorde du på eldrefesten?
-Eg laga bordpynt og fann bordplassering.

Elev 10. trinn:
Kva tykkjer du om eldrefesten?
-Det er koselig og man blir kjent med mange nye menneske og det er bra at de eldre får komme og bli kjent med oss på skulen. I tillegg er det ei fin anledning til å øve på bordskikk.
Kva tykkjer du om eldrefesten i år?
-Det var god mat og bra underholdning.
Kva gjorde du på eldrefesten?
-Eg hjalp dei eldre med å finne plassane deira.

Festen varar til omtrent halv to. Folk reiser heim mette og nøgde, og ryddegjengen kan setjast i sving. Foreldra på kjøkenet får ein ekstra takk frå alle oss.

















onsdag 11. mars 2015

Hensikten med spillet er komme til neste level uten å bli spist. Målet er å røre slotta, da kommer du til neste verden.
Spillet fungerer slik: Du styrer figuren ved å bruke pilene. Hvis du er i nærheten av alt anna enn slotta, dør du.                                  
Av dette lærte jeg at det er vanskelig å lage spill, selv om dette er et enkelt program å lage spill med.

Celine

onsdag 4. mars 2015

Foppall


Hensikta med spelet er fotball.
Spelet fungerer slik: du speler fotball, du skal få ballen i motstandaren sitt mål. Ein må vere to stk. for å spille dette. Den som scorar flest mål vinn. Du spel med A,S,D,W på den raude og piltastane på den blå.
Av dette lærte eg at det er vanskeleg å lage eit spel, sjølv om dette var ein enkel måte å lage spel på.
Anette



Fotball for deg som ikke liker fotball

Hensikta med spillet er fotball.
Slik fungerer spelet: Du spelar fotball, ein må vere to stk. du skal prøve å få ballen inn i motstandarens mål. Den som fe mest mål vinn.
Av dette lærte eg at det er vanskeleg å lage spel, sjølv om dette er eit enkelt program å lage spel med.



Rubens SUPAH HERO spill

Her er spelet eg har utvikla i løpte av desse timane. Det handlar om å fly rundt og eliminere alle farar og beskytte dei snille. Det var nokså artigt og utvikle sitt eiga spill. Det var ikkje helt riktig motor for å fikse eit spill man kunne lære frå da.


Madeleine's spill

I vinter fikk vi tilbudet om å lage et spill i valgfag, og det takket vi ja til. Jeg skjønte fort at jeg ikke kom til å lage det mest interessante og morsomme spillet når jeg stod opp imot folk som har spilling som største interesse i livet. Så mens de lagde spill som var underholdende fokuserte jeg mest på estetikk. Vi brukte Kodu Game Lab[1] til å lage spillene med, og det anbefales pga. at det er så enkelt å bruke.
Spillet mitt har to nivåer med to forskjellige temaer. Spillet har to spillere og målet er å komme frem til siste bane og ta hjerte uten å dø først.
På det første nivået er inspirasjonen en «drømmeverden». Alt er lyseblått, rosa og lilla med forskjellige mønster på bakken og ulike dyr med forskjellige funksjoner. Målet er å følge en bane uten å falle utenfor kanten.  For å komme til nivå 2 må du fange et eple uten å bli drept først.



I nivå to er temaet «ond drømmeverden». Alt er mye mørkere og bakken er mørk lilla. Andre objekter i spillet er i svart, blått og grått. Dette er det siste nivået og for å vinne må du komme deg bort til det store blå hjerte uten å bli spist av de andre figurene som beveger seg frem og tilbake der du skal gå.



Alt i alt vil jeg anbefale Kodu Game Lab for nybegynnere og mer avanserte brukere som vil lage egne spill. Det er enkelt å bruke og hvis du legger ned litt tid kan du programmere et ganske bra spill.



[1] Her er linken til nedlastningen av Kodu Game Lab:

onsdag 21. januar 2015

Det er ofte diskutert kor mange timar unge brukar på spel og tv i forhold til leksar. Vi syntes det var interessant å få vite kor lenge folk spel/ser på tv og kva dei spel på. Her er resultata.


Her har vi spurt om du spel eller ser mest på Tv. Svaret er ganske tydelig, det er flest som spel.


Her spurte oss om kor mykje tid du brukar framfor skjerm kvar dag. Over halvparten brukte 2-4 timar. Det er interessant å sjå at 22% svarar at dei spel/ser på tv kvar dag. Dette inngår også mobil/nettbrett/TV. Her må du tenke på at svara kan variere frå dag til dag. Ein dag ser du kanskje ein fotballkamp, men ein annan dag har du kanskje ikkje tid til å spele.




Her blei det spurt om kva du brukar tida di mest på. Heile 72,2 prosent brukar PC. Dette kan ha noko med det at PC er så vanleg i det daglige livet. En annan ting å merke seg er det at Playstation er meir populært enn Xbox. Det er også mange som spel på nettbrett. Heile 50 % spel på nettbrett. Dette betyr at mange i ungdomskula har nettbrett.


Konklusjonen er at mesteparten spel framfor å sjå på tv. Dei fleste spel på PC i gjennomsnittleg 2-4 timar.
Dette var ein interessant undersøking og det var morosamt å sjå kva folk driv med. 


Spørreundersøkelse: lekser

Da vi skulle ha om spørreundersøkelser i valgfag, bestemte jeg meg for å lage en spørreundersøkelse om lekser og skolearbeid. Spørreundersøkelsen er besvart av elevene i ungdomstrinnet på Lesjaskog skule. Det har vert mye debatt rundt lekser i år. Et av de spørsmålene som var mest debattert var om vi skal beholde leksene, eller om vi skal fjerne leksene og legge til et par økter til skoledagen. Dette var svaret til elevene:







En annen ting som jeg lurte på var «Hvordan oppfatter elevene leksene?». Så da spurte jeg om vanskelighetsgrad og mengde. Når dere ser på disse statistikkene må dere huske på at det er forskjellige lærere og derfor varierende svar.



Et annen interessant ting er hvor lang tid elevene bruker på å gjøre lekser. Og pga. at den andre gruppa hadde om data og spill hadde stilt det samme spørsmålet, så satte jeg de sammen til en statistikk for å sammenligne.


Som du ser så er det to motpoler… 
Jeg hadde en teori om at det er mange elever som sliter med at de blir distraherte av andre ting da de gjør lekser. Statistikken viste at jeg hadde rett da over 80 prosent svarte at det var et problem. Jeg hadde også et spørsmål om hva som forstyrret de, og her er svaret:



Hvis noen lurer på om det er mange som vil ha mer hjelp til leksene, så sier nesten alle nei. Og det tyder på at både lærere og foreldre er både gode til å lære bort og hjelpe. 

Elevundersøking: sosiale medium, filmar, TV-seriar og TV-kanalar

Vi hadde ein undersøking der elevane skulle svare på nokre spørsmål om filmar, tv-seriar og sosiale medium.
Vi hadde litt for mange opne spørsmål og da vart det vanskeleg å skrive ein tekst ut av det.
Det er stor forskjell på kor mykje tid elevane brukar på sosiale medium, frå 0-5 min til 10 timar.

Dette diagrammet visar kva sosiale medium dei brukar.

Det er 55,6% sa at dei såg på film ofte, og dette er sjangrane:


Det er over ¾ av elevane som likar engelske/amerikanske filmar best.



På tv-seriar varierer svara på kva dei likar best. Alt frå Teen Wolf til Ben 10.
Kanal valgane varierer også, her er det frå Tv-Norge til Disney-Channel.
Undersøkinga viser at vala til elevane var varierande.