onsdag 17. september 2014

Korleis går det, Nina?

I dag har vi intervjua Nina Furuheim som er den nye rektoren ved Lesjaskog skule.

1.    Korleis er det å vere rektor?
-Arbeidsdagen er variert med mange ulike oppgåver, og det er morosamt!
2.    Trivst du som rektor?
-Ja.
3.    Kvifor søkte du på rektorstillinga?
-For å sjå om eg hadde sjanse på jobben.
4.    Er det ein stor forandring å gå frå lærar til rektor?
-Ja, ein har ikkje like mykje undervisning som før. Eg saknar kontakten med elevane  og eg har ansvar for alt muleg rart.
5.    Kor lenge (tenkjar du nå) vil du være rektor ved Lesjaskog skule?
-Eg veit ikkje, så lenge eg synas at det er morosamt.
6.    Korleis er det å være  rektor for eigne ungar?
-Eg synas det er greitt , så lenge dei oppfører seg ordentlegJ
7.    Kva vil du få til?
-Eg vil at det fortsatt skal være ein bra skule og at lærarar og elevar trivast.
8.    Kva gjer at dette er ein av dei beste skulane i landet, og kva kan du gjere for å forbetre den?
-Summen av gode lærarar og flinke elevar som veit kvifor dei er på skulen og foreldre som følg opp elevane. Fortsette med godt samarbeid mellom alle partar.
      9. Er det nokon utfordringar du må takle?

           -Skula er ei regelstyrt verd. Eg har fylgt reglane som lærar, men no må eg ha full oversikt over alle reglane.

Nina ser litt streng ut her. Kan hende må ho vera det av og til, men Nina er stort sett snill og grei!

onsdag 3. september 2014

1999 moh.

Kvart år går ungdomsskulen ein tur og i år gjekk turen til pyttbua:

Vi i ungdomsskulen og 3 lærararar møtte på skulen til vanleg tid og der i frå så blei vi kjørt til Tunga. Der byrja vi å gå. Vi gjekk i fire og en halv time. Nokre tok forskjellige vegar, men alle kom fram. Då vi var framme ved hytta, var alle veldig slitne. Resten av dagen slappa alle av og gjorde kva dei ville. Vi leikte litt boksen går og spelte kort.  Det var stille på romane kl.11.













Klokka halv ti begynte vi på ein lang og tung tur mot Pyttegga. Det var godt og varmt ute. Dei som starta turen med genser, måtte ta den av seg fort. Vi gjekk ikkje lenge før vi kom til den første stigninga. Vi gjekk på ein stig og den var bra synleg. Oppover første fjellet vi kom til, var det steinur. Viss du ikkje var forsiktig, kunne det gå galt der. Det var ingen som gjekk på trynet, så det gjekk relativt bra. Sola steika fortsatt.
Etter alle kom opp det første fjellet var det berre steinur du såg. Stein, stein og atter stein. Det var veldig fin utsikt der, men det skulle bli finare då vi kom opp. Det var smart og ikkje drikke opp drikka si med ein gong, for det var lenge til vi fann meir vatn. Folk gjekk i veldig variert tempo, men Hilde gjekk fyrst.
Etter kvart nærma vi oss tre vatn. Der kunne vi fylle flaskane våre. Vi fekk tid til å ete ved vatna. Når vi starta skulle alle gå bak Hilde, og vi stoppa nesten kvart tiande minutt.  Det var veldig bratt oppover, så det var bra vi tok nokon pausar. Det var fullt av skarpe steinar. Det var til og med snø oppover der.
Når vi kom opp var alle veldig fornøyde med egen og andre sine prestasjonar. Då alle var oppe kunne alle ete og drikke og kose seg med utsikta. Frå toppen kunne vi sjå heilt ned til Åndalsnes og nesten heilt til Dombås. Ola-Matti rigga opp radioen sin på toppen. Han fikk inn 33 personar på toppen. Han var den første som hadde satt opp radio på Pyttegga. Då vi skulle gå ned at, stoppa alle ved dei tre vatna. Etter ei ri fekk alle gå i sitt eiga tempo ned til hytta. Då alle hadde komme ned fekk vi lapskaus til middag og sjokoladepudding med vaniljesaus til dessert.
Alt i alt var det ein fin tur opp på Pyttegga


Vi sto opp klokka 07.00. Då hadde vi ein time på oss til å pakke, eta og komme oss ut av hytta. Dei vaksne var så snille at dei ville vaske hytta for oss. Då klokka var rundt 9 var dei vaksne ferdig og vi begynte å gå. Vi gjekk i greitt tempo og turen ned tok rundt 3 timar. På vegen heim tok vi 3 pausar, to drikkepausar og ei matpause. Været var fint og det var temperaturen også. Ca. klokken 13.00 kom vi ned til parkeringa. Etter ein fin tur satt vi oss slitne i bilane og køyrde heim.










På Pyttbuturen gjekk vi langt, klatra i bratt terreng på berg og stein og til slutt greidde alle å nå toppen på det høgaste fjellet i hele Møre og Romsdal. Likevel handlar det om noko større. Ei gruppe. Eit fellesskap som er saman i målet om å nå toppen. Om å greie noko. Om å meistre noko saman. Om å stifte eit band og lære å kjenne kvarandre på ein annan måte. Om fellesskapet.