Idrettsdagen på Lesjaskog skule er nok eit høgdepunkt for
mange. Ein gong kvart år er det idrettsdag på Lesjaskog skule. Den blir alltid
arrangert av 10.kl. Mange elevar gler seg mykje til denne dagen. I år var aktivitetane: liten ball, frisbee,
``send til``, lengde med fart, stilleståande lengde, 60 m og høgdehopp. Det var
mange som var litt spente før dagen. Kanskje ein kan sette ny pers i år?
Vi intervjua nokre elevar
om idrettsdagen:
Kva synest du om
idrettsdagen?
Elev 1: Eg likte det ikkje før, men eg likar det no.
Elev 2: Eg tykkjer at det er keisamt, men eg likar at vi
slepp delar av skuledagen.
Elev 3: Eg tykkjer det er bra, fordi det er morosamt å bevege
seg. Det er også veldig sosialt.
Elev 4: Eg likar det ikkje, fordi eg ikkje er så veldig god i
gym.
Elev 5: Morosamt, fordi det er ein annleis skuledag.
Elev 6: Det er betre enn ein vanleg
skuledag, fordi vi slepp å sitje roleg å skrive.
Elev 7: Artig,
men veret var ikkje så bra.
Kva for ein aktivitet likar
du best?
Elev 1: Eg likar best 60m.
Elev 2: Liten ball, for da slepp
ein å springe.
Elev 3: 60m og lengde, fordi eg er god i det.
Elev 4: Eg likar best å hoppe lengde.
Elev 5: Eg tykkjer om å hoppe lengde.
Elev 6: Eg likar å kaste liten
ball.
Elev 7: Høgdehopp,
for eg likar og hoppe.
Kva for ein aktivitet likar
du minst?
Elev 1: Eg likar ikkje å hoppe høgde, fordi eg er redd for å
tabbe meg ut foran dei andre og eg er redd for å lande på stonga.
Elev 2: Hoppe høgde, fordi at eg er
redd for stonga.
Elev 3: Liten ball, fordi at eg
ikkje er like flink i det som i dei andre aktivitetane.
Elev 4: Eg likar ikkje å kaste ball.
Elev 5: Eg likar ikkje «send til».
Elev 6: Lengde, fordi at eg ikkje
likar å hoppe.
Elev 7: 60m,
fordi eg ikkje likar å springe.
Var det bra arrangert?
Elev 1: Bra, unntatt at det blei litt tull på slutten.
Elev 2: Ja, eg syntes det var bra.
Elev 3: Heilt greitt arrangert.
Elev 4: Bra, men uheldig med veret.
Elev 5: Heilt greitt.
Elev 6: Bra arrangert fordi at alt
gjekk som planlagt.
Elev 7: Bra
arrangert.
Var det god nok tid?
Elev 1: Kunne hatt litt betre tid.
Elev 2: Litt meir tid.
Elev 3: Det gjekk fint, treng ikkje meir tid.
Elev 4: Passe med tid.
Elev 5: Skulle hatt heile dagen til disposisjon.
Elev 6: God nok tid.
Elev 7: Mindre tid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar