onsdag 28. august 2013

Ungdomsskula på fjelltur 22.08.13


Torsdag 22.08.13 var ungdomsskulen på fjelltur. Dagen byrja med at alle vart køyrde inn Mardalsvegen kor vi byrja turen. I byrjinga var det berre flatt og skog, men etter kvart kom stiginga og vi bevegde oss sakte men sikkert forbi tregrensa med kursen mot Bøverbotn. Det var god temperatur, men det var overskya på himmelen og tåka låg i dalen-så utsikta var ikkje noko å skryte av.

Da vi kom til Bøverbotn fann vi ein fin plass og slo oss ned. Nå skulle det bli godt med ei lang pause! Vi fann fram nista, tente opp bål og tok ein pust i bakken.

Så var det bare å komme seg på beina og tusle vidare mot Haugevarden. På denne etappen av turen spreidde gruppa seg meir og gjekk litt i sitt eige tempo. Så dei som kom til Haugevarden først måtte vente ei god stund på sistemann.

Nå hadde tåka letta og med motet oppe gjekk vi vidare gjennom steinur og mosedekka landskap mot 
Sør-Einbusvatnet der vi skulle ha neste matpause.

Ved Sør-Einbusvatnet slo vi oss ned ved ei hytte og gomla nøgd på siste rest av nista. Her tok nokon av elevane å vassa litt og skifta til tørre sokkar, mens andre slappa av i solveggen.

Så bar vi i vegen mot Bjorli med humøret på topp og skyfri himmel.

Vi kom ned til Bjorli ca. klokka 17:30. Alt i alt var det ein fin tur!

Her tuslar vi av garde mot Bøverbotn.


 Her er et gruppebilete med Bøverbotn i bakgrunn.
Her er enda et gruppebilete med Bøverbotn i bakgrunn.

Her er et bilete fra Haugvarden.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar