onsdag 10. april 2013

Skitur til Gråhøa


Tysdag 09.04.13 var ungdomsskulen ved Lesjaskog skule på skitur til Gråhøbu.
 
Vi møtte opp på skulen og vart deretter køyrd opp til parkeringsplassen i Fjellvegen på Lesjaverk. Der smurde vi skia og hadde på feller. 
Vi starta å gå klokka 09:30, på den fyrste kilometeren vi gjekk stoppa vi ein del, for å ha på meir smurning, men etter kvart fekk vi opp god fart. På starten var det også nokså kaldt, men etter kvart kom sola skikkeleg fram, og vi kunne gå utan jakke. 
Etter ca.1,5 time stoppa vi, og åt ein liten matbit. Etter vi hadde ete, gjekk vi i god fart opp til Gråhøbua, der åt nokon av oss. Men det var også nokre som gjekk heilt opp til Gråhøa, frå Gråhøbua til Gråhøa brukte vi ca.30 minuttar. 
 
Då vi kom på toppen, rende vi oss ned att til Gråhøbua med ein gong, der stoppa vi og venta til dei andre var klare, så rende vi oss ned til parkeringsplassen att. Det var artig å renne seg, men også litt skummelt.

Vi hadde ein fin tur, med supert vær og føre!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar