I år
var det 6. gong det har vorte arrangert eldrefest ved Lesjaskog skule, det vil
seie at fyrste eldrefest var i 2007. Eldrefest er ei tilstelning der alle som
har fylt 67 år, frå Lesjaverk, Lesjaskog, Bjorli og Verma blir bedt. Kvart år blir
det bedt ca. 150 personar, Det plar vere 1/3 av dei som deltek. Det blir sett
utover mange småbord rundt om i gymsalen ved skula. Det blir servert brød med
forskjellig pålegg, det blir også servert kaffi og kake. Kvar morgo vi har dette
arrangementet har vi også god hjelp av foreldre på kjøkenet. Dei hjelp til med
å vaske opp og lage maten. Alle klassane deltek, og alle har kvar sine
arbeidsoppgåver.
1.kl-
Bretta serviettar.
2.kl-
Bretta serviettar.
3.kl-
Dekte borda.
4.kl-
Dekte borda.
5.kl-
Laga mat, laga bordkort, og laga bordpynt.
6.kl-
Laga mat, laga bordkort, og laga bordpynt.
7.kl-
Laga bordplassering.
8.kl-
Sette utover bord og stolar, og serverte.
9.kl-
Laga mat, og serverte.
10.kl-
Viste gjestane kvar dei skulle sitte.
Alle
klassane var også med på underholdning på scena.
19. april. 2013 kl.11:00
var det tradisjonen tro eldrefest på Lesjaskog skule. Ca. 50 pensjonistar kom
og besøkte skulen.
Når pensjonistane kom eskorterte 10.
klasse dei til bordande deira. Når alle hadde sett seg viste vi fram bildar frå
festane før. Så serverte 8. og 9. klasse brød med forskjellig pålegg. Til
drikke kunne dei få juice, te og kaffi. Når alle var forsynte fekk dei kake,
muffins og frukt.
Mens ein venta på underhaldninga var
det mange som gjekk rundt og prata med kvarandre.
Fyrst song 1.-4. Alle introduserte
og sa kor dei budde når dei gjekk ned frå scena. Etter dei var det 5.-7. klasse
sin tur. Dei sa og namna deira før 3. og 4. kom opp med eit potpurri som dei
hadde antrekk for. Det vart ein god latter. 8.-10. kom og song to songar.
Til slutt kom kultur skulen med fire
torader-elevar som spelte nokre songar.
Hans Enstad kom fram for å si noko
om skulen før i tida, det var veldig lærarrikt.
Alt i alt var det ein trivleg fest.
Til slutt vi vi takke foreldra for
god hjelp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar