onsdag 24. april 2013

6. års jubileum


I år var det 6. gong det har vorte arrangert eldrefest ved Lesjaskog skule, det vil seie at fyrste eldrefest var i 2007. Eldrefest er ei tilstelning der alle som har fylt 67 år, frå Lesjaverk, Lesjaskog, Bjorli og Verma blir bedt. Kvart år blir det bedt ca. 150 personar, Det plar vere 1/3 av dei som deltek. Det blir sett utover mange småbord rundt om i gymsalen ved skula. Det blir servert brød med forskjellig pålegg, det blir også servert kaffi og kake. Kvar morgo vi har dette arrangementet har vi også god hjelp av foreldre på kjøkenet. Dei hjelp til med å vaske opp og lage maten. Alle klassane deltek, og alle har kvar sine arbeidsoppgåver.

1.kl- Bretta serviettar.
2.kl- Bretta serviettar.
3.kl- Dekte borda.
4.kl- Dekte borda.
5.kl- Laga mat, laga bordkort, og laga bordpynt.
6.kl- Laga mat, laga bordkort, og laga bordpynt.
7.kl- Laga bordplassering.
8.kl- Sette utover bord og stolar, og serverte.
9.kl- Laga mat, og serverte.
10.kl- Viste gjestane kvar dei skulle sitte.

Alle klassane var også med på underholdning på scena.

19. april. 2013 kl.11:00 var det tradisjonen tro eldrefest på Lesjaskog skule. Ca. 50 pensjonistar kom og besøkte skulen.
Når pensjonistane kom eskorterte 10. klasse dei til bordande deira. Når alle hadde sett seg viste vi fram bildar frå festane før. Så serverte 8. og 9. klasse brød med forskjellig pålegg. Til drikke kunne dei få juice, te og kaffi. Når alle var forsynte fekk dei kake, muffins og frukt.
Mens ein venta på underhaldninga var det mange som gjekk rundt og prata med kvarandre.
Fyrst song 1.-4. Alle introduserte og sa kor dei budde når dei gjekk ned frå scena. Etter dei var det 5.-7. klasse sin tur. Dei sa og namna deira før 3. og 4. kom opp med eit potpurri som dei hadde antrekk for. Det vart ein god latter. 8.-10. kom og song to songar.
Til slutt kom kultur skulen med fire torader-elevar som spelte nokre songar.
Hans Enstad kom fram for å si noko om skulen før i tida, det var veldig lærarrikt.
Alt i alt var det ein trivleg fest.    

Til slutt vi vi takke foreldra for god hjelp!







Lesjaskog skules hovud-beliebar

CNN har flira høgt av Noreg og norske skular for å ha flytte tentamen (heildagsprøve) på grunn av at mange av elevane skulle på konsert med Justin Bieber (3 kveldar X 20 000). Det har vore hysteriske tilstandar i landet. Her på Lesjaskog tek oss det med ro.

Lesjaskog skule har ikkje flytta på nokon ting. Her rullar alt som normalt. Ein elev ved skula var på konserten. Lesjaskogs einaste belieber som var på konsert veljer vi å halde anonym, men ho er slett ikkje den einaste beliebaren på Lesjaskog.

Vi skyt frå hofta:


Er du ein såkalla belieber?
- jau
Kva tyder det?
- at ein er meir enn berre ein vanleg fan
Kva tyder det?
-det er berre..
Gje konserten terningkast
- seks
Kor hysterisk var du sjølv på ein skala frå 1-100
-90
Har du ein favorittlåt av Bieber?
-Baby framført akustisk
-As long as you love me

Takk!


onsdag 10. april 2013

Narum-konsert


Torsdag 4. april fekk skulen besøk av Narum, som heldt ein konsert for oss. Narum er en trio beståande av dei tre søskena Benedikte Narum Jensen(gitar vokal), Jon Anders Narum(gitar) og Lars Christian Narum(tangentar). De kommer frå Eina, Toten og synger på toten-dialekt. Sjanger: vise/country.

Vi synes det var bra songar og et veldig bra opplegg som fekk alle frå 1.-10.klasse til å syngje med.




 

Skitur til Gråhøa


Tysdag 09.04.13 var ungdomsskulen ved Lesjaskog skule på skitur til Gråhøbu.
 
Vi møtte opp på skulen og vart deretter køyrd opp til parkeringsplassen i Fjellvegen på Lesjaverk. Der smurde vi skia og hadde på feller. 
Vi starta å gå klokka 09:30, på den fyrste kilometeren vi gjekk stoppa vi ein del, for å ha på meir smurning, men etter kvart fekk vi opp god fart. På starten var det også nokså kaldt, men etter kvart kom sola skikkeleg fram, og vi kunne gå utan jakke. 
Etter ca.1,5 time stoppa vi, og åt ein liten matbit. Etter vi hadde ete, gjekk vi i god fart opp til Gråhøbua, der åt nokon av oss. Men det var også nokre som gjekk heilt opp til Gråhøa, frå Gråhøbua til Gråhøa brukte vi ca.30 minuttar. 
 
Då vi kom på toppen, rende vi oss ned att til Gråhøbua med ein gong, der stoppa vi og venta til dei andre var klare, så rende vi oss ned til parkeringsplassen att. Det var artig å renne seg, men også litt skummelt.

Vi hadde ein fin tur, med supert vær og føre!