Elevane har trena på dansing og polonese før sjølve kvelden, og det gjorde nok sitt til at kvelden vart prega av eit høgt aktivietsnivå med mange smilande andlete å sjå. Tiandeklassingen Jon: " Opplegget var veldig bra. Det var mykje folk, og å danse "gangnam-style" var ein stor hit! Etter 22, då småtassane for heim att, var det allsang. Cred til Marius for å syngje E6 av DDE frå scena. Dette er det beste nyttårsballet eg har vore på." Anders S og Jonas B.V er samstemde i kommentaren "tipp-topp-tommel-opp." Lærarane vi har prata med er også godt nøgde. Heidi V skryt av organiseringa og det høge aktivitestnivået. Det var mykje dansing! 9.klassingane saman med foreldre og kontaktlærar Ingunn Enstad har gjort ein kjempejobb for å få til ein så morosam kveld. Heidi BT skryt og av organiseringa og aktivtetsnivået, men ho er meir sjølvkritisk i forhald til estetikken rudnt si eiga dansing. Vi på valfag meiner Heid BT kom godt ut av det. Innsatsen overgår estetikken denne runda.
Elevar i u-skulen ved Lesjaskog skule skriv blogg og er ute på Faceboook og Twitter
onsdag 30. januar 2013
Nyttårsball ved skula fredag 25. januar 2013
Nyttårsballet var ein suksess!
Elevane har trena på dansing og polonese før sjølve kvelden, og det gjorde nok sitt til at kvelden vart prega av eit høgt aktivietsnivå med mange smilande andlete å sjå. Tiandeklassingen Jon: " Opplegget var veldig bra. Det var mykje folk, og å danse "gangnam-style" var ein stor hit! Etter 22, då småtassane for heim att, var det allsang. Cred til Marius for å syngje E6 av DDE frå scena. Dette er det beste nyttårsballet eg har vore på." Anders S og Jonas B.V er samstemde i kommentaren "tipp-topp-tommel-opp." Lærarane vi har prata med er også godt nøgde. Heidi V skryt av organiseringa og det høge aktivitestnivået. Det var mykje dansing! 9.klassingane saman med foreldre og kontaktlærar Ingunn Enstad har gjort ein kjempejobb for å få til ein så morosam kveld. Heidi BT skryt og av organiseringa og aktivtetsnivået, men ho er meir sjølvkritisk i forhald til estetikken rudnt si eiga dansing. Vi på valfag meiner Heid BT kom godt ut av det. Innsatsen overgår estetikken denne runda.
Alle foto: Hanne Mona Rindseter Bakken

Nyttårsballet
Nyttårsballet starta kl. 18:30. Fyrst song vi «nyttårsballsangen»
som er skrive av 9.klasse. Så fekk vi servert gryterett av dei. Når alle var
ferdige med å ete song vi songen «rosa på bal». Så åt vi dessert og gjekk ut i
gangen. Så venta vi der til 9.klasse var ferdige med å rydde dansegolv. Så
gjekk alle inn igjen og dansa polonese, vals, gangnam style osv. Kl. 22:00 drog
elevane frå 1.-6.klasse heim. Kl. 00:00 drog resten heim.
onsdag 16. januar 2013
Vi laga teikneseriar saman med Ola Hegdal
14.januar hadde ungdomsskulen + 7.kl ved Lesjaskog skule
besøk av ein mann som heitte Ola A. Hegdal. Han kom for og lære oss å teikne og
utforme teikneseriar. Ola er ein teikneserieskapar, i år reiser han rundt i
heile Norge på skular og lærar barn og ungdom å teikne teikneseriar.
Kvifor ville du bli teikneserie teiknar?
-Fordi eg likte å lese dei, og då hadde eg også lyst til å prøve å
teikne dei sjølv.
Korleis er det å reise rundt på skular?
-Hyggeleg, men også slitsamt. Eg må jo ligge mykje på hotell, og får
derfor ikkje våre så mykje heime med familien min.
Kva er viktigast med ein teikneserie?
-Viktig å ha ei historie, men også fint viss ein teiknar bra.
Han teikna fyrst ein sirkel, ein trekant og eit rektangel.
Så teikna han Phineas som trekanten, Ferb som rektangelet og Candace som
sirkelen. Og vi må berre seie det, det vart veldig likt. Han var kjempe flink
til å teikne. Han lærte oss også og teikne strekmann og ein hodefoting. Ein
hodefoting er berre så enkelt som føter med hovud, kan også ha armer.
Vi synes dette var eit artig og lærerikt kurs i korleis ein
kan teikne teikneseriar lett og effektivt, men samtidig også få ein fin
teikneserie.
onsdag 9. januar 2013
Nyttår!
No er det eit nytt år og tid for nye moglegheiter.
Korleis overleve skuleåret? Tips og råd.
- Legge deg tidlig, så du er opplagt til ein ny skuledag.
- Spis frukost, det er det viktigaste måltidet på dagen.
- Vær mot andre slik du vil at andre skal vera mot deg (den gyldne regel).
- Lag kreativ matpakke.
- Vær engasjert.
- Gjør leksene dine ordentlig.
- Slapp av i friminuttet.
- Vær oppfinnsam!
Abonner på:
Innlegg (Atom)