onsdag 11. desember 2013

Battle Pirates

Vil du spille Battle Pirates?

Herr R og herr V har laget en hjemmside for spillet Battle Pirates. Sjekk det ut!

De har laget siden ved hjelp av WIX-plattformen. Gutta har jobbet godt, og en siste korrekturrunde ble gjort i dag. Nå er siden i drift.

onsdag 6. november 2013

Eit bilete som fortel ei historie

var oppgåva...

Her kjem nokre av svara:


 
Eg vurderer å starte eit band kalla blind sheep
 
 
Fin sofa

                                                      
                                                        Firkanta mann er daud

onsdag 23. oktober 2013

Yrkesmesse, Otta

Torsdag 17.10.13 drog alle elevane i tiande klasse og nokon frå niande til yrkesmessa på Otta. Vi køyrde frå Lesjaskog med buss ca. kl. 16.10.  


Vi kom fram til Otta ca. kl. 6. Der fekk vi informasjon om kva som skulle skje utover kvelden. Etter det viste Heidi Vognild oss de forskjellige stendene, så vi fekk en oversikt over kva for utdanningslinjer som var representert. Fram til kl. 20 kunne vi gå fritt og sjå på dei linjene vi var interesserte i. Etter det drog vi fornøgde heim at.

onsdag 16. oktober 2013

To på skulen, enkét.

1.   Kven er Erna Solberg?
Elev 1: statsministeren.
Elev 2: ho nye finansministeren.
Elev 3: Statsministeren.
Elev 4: Statsministeren.
Elev 5: Statsministeren.

2.   Kva er spesielt med dagen i dag?
Elev 1: statsbudsjettet blir kutta?
Elev 2: tredagen? (at vi samlar alle trea)
Elev 3: noko med stortinget.
Elev 4: veit ikkje.

Elev 5: veit ikkje.

onsdag 25. september 2013

Battle Pirates side!

``Battle Pirates`` er eit strategispel med båtar og basar. To av elevane i valgfag: medie og informasjon har laga ein nettside om spelet. Den skal handle om alt frå båtar til basar til bygningar og våpen til både basar og båtar. Siden ønskar seg norske spelare.

Idrettsdag! 16/09/13

Idrettsdagen på Lesjaskog skule er nok eit høgdepunkt for mange. Ein gong kvart år er det idrettsdag på Lesjaskog skule. Den blir alltid arrangert av 10.kl. Mange elevar gler seg mykje til denne dagen.  I år var aktivitetane: liten ball, frisbee, ``send til``, lengde med fart, stilleståande lengde, 60 m og høgdehopp. Det var mange som var litt spente før dagen. Kanskje ein kan sette ny pers i år?



Vi intervjua nokre elevar om idrettsdagen:

Kva synest du om idrettsdagen?
Elev 1: Eg likte det ikkje før, men eg likar det no.
Elev 2: Eg tykkjer at det er keisamt, men eg likar at vi slepp delar av skuledagen.
Elev 3: Eg tykkjer det er bra, fordi det er morosamt å bevege seg. Det er også veldig sosialt.
Elev 4: Eg likar det ikkje, fordi eg ikkje er så veldig god i gym.
Elev 5: Morosamt, fordi det er ein annleis skuledag.
Elev 6: Det er betre enn ein vanleg skuledag, fordi vi slepp å sitje roleg å skrive.
Elev 7: Artig, men veret var ikkje så bra.

Kva for ein aktivitet likar du best?
Elev 1: Eg likar best 60m.
Elev 2: Liten ball, for da slepp ein å springe.
Elev 3: 60m og lengde, fordi eg er god i det.
Elev 4: Eg likar best å hoppe lengde.
Elev 5: Eg tykkjer om å hoppe lengde.
Elev 6: Eg likar å kaste liten ball.
Elev 7: Høgdehopp, for eg likar og hoppe.

Kva for ein aktivitet likar du minst?
Elev 1: Eg likar ikkje å hoppe høgde, fordi eg er redd for å tabbe meg ut foran dei andre og eg er redd for å lande på stonga.
Elev 2: Hoppe høgde, fordi at eg er redd for stonga.
Elev 3: Liten ball, fordi at eg ikkje er like flink i det som i dei andre aktivitetane.
Elev 4: Eg likar ikkje å kaste ball.
Elev 5: Eg likar ikkje «send til».
Elev 6: Lengde, fordi at eg ikkje likar å hoppe.
Elev 7: 60m, fordi eg ikkje likar å springe.

Var det bra arrangert?
Elev 1: Bra, unntatt at det blei litt tull på slutten.
Elev 2: Ja, eg syntes det var bra.
Elev 3: Heilt greitt arrangert.
Elev 4: Bra, men uheldig med veret.
Elev 5: Heilt greitt.
Elev 6: Bra arrangert fordi at alt gjekk som planlagt.
Elev 7: Bra arrangert.

Var det god nok tid?
Elev 1: Kunne hatt litt betre tid.
Elev 2: Litt meir tid.
Elev 3: Det gjekk fint, treng ikkje meir tid.
Elev 4: Passe med tid.
Elev 5: Skulle hatt heile dagen til disposisjon.
Elev 6: God nok tid.
Elev 7: Mindre tid.

onsdag 28. august 2013

Ungdomsskula på fjelltur 22.08.13


Torsdag 22.08.13 var ungdomsskulen på fjelltur. Dagen byrja med at alle vart køyrde inn Mardalsvegen kor vi byrja turen. I byrjinga var det berre flatt og skog, men etter kvart kom stiginga og vi bevegde oss sakte men sikkert forbi tregrensa med kursen mot Bøverbotn. Det var god temperatur, men det var overskya på himmelen og tåka låg i dalen-så utsikta var ikkje noko å skryte av.

Da vi kom til Bøverbotn fann vi ein fin plass og slo oss ned. Nå skulle det bli godt med ei lang pause! Vi fann fram nista, tente opp bål og tok ein pust i bakken.

Så var det bare å komme seg på beina og tusle vidare mot Haugevarden. På denne etappen av turen spreidde gruppa seg meir og gjekk litt i sitt eige tempo. Så dei som kom til Haugevarden først måtte vente ei god stund på sistemann.

Nå hadde tåka letta og med motet oppe gjekk vi vidare gjennom steinur og mosedekka landskap mot 
Sør-Einbusvatnet der vi skulle ha neste matpause.

Ved Sør-Einbusvatnet slo vi oss ned ved ei hytte og gomla nøgd på siste rest av nista. Her tok nokon av elevane å vassa litt og skifta til tørre sokkar, mens andre slappa av i solveggen.

Så bar vi i vegen mot Bjorli med humøret på topp og skyfri himmel.

Vi kom ned til Bjorli ca. klokka 17:30. Alt i alt var det ein fin tur!

Her tuslar vi av garde mot Bøverbotn.


 Her er et gruppebilete med Bøverbotn i bakgrunn.
Her er enda et gruppebilete med Bøverbotn i bakgrunn.

Her er et bilete fra Haugvarden.




onsdag 21. august 2013

Skuleåret 2013

Vi er i gang med valfag igjen. Her på bloggen vil vi leggje ut saker som vi lagar. Følg med.



onsdag 19. juni 2013

Våraktiviteter

Trondheims-tur

Onsdag 12.juni var ungdomsskulen ved Lesjaskog skule på tur til Trondheim. Vi tok buss frå skulen på morgonen og ankom Trondheim i 11-tida. Vi åt nista vår ved Nidarosdomen, deretter fekk vi fri til å handle. Kl.14 skulle vi møte ved vitensenteret, der var det mykje kule ting å prøve. Etter vi hadde vore på vitensenteret reiste vi til Rockheim. Rockheim er Norges musikk museum for pop og rock musikk.
 Nokre elevar prøvde orbitron på vitensenteret. Den blir styrt av tyngdekrafta di.

 Dei hadde mange kule syklar og ting ute også ved vitensenteret.
 Vi ventar spent på å komme inn på Rockheim.
 Kul bil inne på Rockheim.
 Vi prøvde å spele forskjellige instrument.
Vi prøvde å mikse sanger. 

Sykkeltur

Måndag 17.juni var ungdomsskulen på sykkeltur til Grønfossen. Deretter sykla vi til bryggeosen og til skulen att.
 Grønfossen

 10.klasse på skogdag

Tirsdag 18.juni var 10.klasse ved Lesjaskog og Lesja skule på skogdag på Lesja.


onsdag 5. juni 2013

Tilfanten blir rampefant

 Tilefanten er på tur inn på skulen.
 Tilefanten tenkjer på noko. Kva?
 Tilefanten treff sin bestekompis Tigulf.
 Kva har Tilefanten tenkt seg no tru?
Hysj!
 BØØØ!
 Tigulf, er du lei deg?
Bestevenner igjen.

onsdag 29. mai 2013

Forskning på fugle-egg.

Elevane som har forskning i praksis dissikerer fugle-egg i dag. Spanande, men det lukta ikkje særleg godt, for her er det snakk om gamle egg.







onsdag 22. mai 2013

Den årlege fuglekassekontrollen

I dag har vi sjekka 11 fuglekasser ved Lesjaskogsvatnet. Det var kun ei kasse det var egg i. Eit labert år med andre ord, eller så var vi litt tidleg ute. Det siste er nok mest sansynleg.


 
Veit du kva for fugl som ruger på dette egget? Skriv svar i kommentarfeltet.

onsdag 15. mai 2013

Vår-bilete















Øvste bilete er tatt av Heidi Vognhild, resten er teke av oss.