onsdag 25. september 2013

Battle Pirates side!

``Battle Pirates`` er eit strategispel med båtar og basar. To av elevane i valgfag: medie og informasjon har laga ein nettside om spelet. Den skal handle om alt frå båtar til basar til bygningar og våpen til både basar og båtar. Siden ønskar seg norske spelare.

Idrettsdag! 16/09/13

Idrettsdagen på Lesjaskog skule er nok eit høgdepunkt for mange. Ein gong kvart år er det idrettsdag på Lesjaskog skule. Den blir alltid arrangert av 10.kl. Mange elevar gler seg mykje til denne dagen.  I år var aktivitetane: liten ball, frisbee, ``send til``, lengde med fart, stilleståande lengde, 60 m og høgdehopp. Det var mange som var litt spente før dagen. Kanskje ein kan sette ny pers i år?



Vi intervjua nokre elevar om idrettsdagen:

Kva synest du om idrettsdagen?
Elev 1: Eg likte det ikkje før, men eg likar det no.
Elev 2: Eg tykkjer at det er keisamt, men eg likar at vi slepp delar av skuledagen.
Elev 3: Eg tykkjer det er bra, fordi det er morosamt å bevege seg. Det er også veldig sosialt.
Elev 4: Eg likar det ikkje, fordi eg ikkje er så veldig god i gym.
Elev 5: Morosamt, fordi det er ein annleis skuledag.
Elev 6: Det er betre enn ein vanleg skuledag, fordi vi slepp å sitje roleg å skrive.
Elev 7: Artig, men veret var ikkje så bra.

Kva for ein aktivitet likar du best?
Elev 1: Eg likar best 60m.
Elev 2: Liten ball, for da slepp ein å springe.
Elev 3: 60m og lengde, fordi eg er god i det.
Elev 4: Eg likar best å hoppe lengde.
Elev 5: Eg tykkjer om å hoppe lengde.
Elev 6: Eg likar å kaste liten ball.
Elev 7: Høgdehopp, for eg likar og hoppe.

Kva for ein aktivitet likar du minst?
Elev 1: Eg likar ikkje å hoppe høgde, fordi eg er redd for å tabbe meg ut foran dei andre og eg er redd for å lande på stonga.
Elev 2: Hoppe høgde, fordi at eg er redd for stonga.
Elev 3: Liten ball, fordi at eg ikkje er like flink i det som i dei andre aktivitetane.
Elev 4: Eg likar ikkje å kaste ball.
Elev 5: Eg likar ikkje «send til».
Elev 6: Lengde, fordi at eg ikkje likar å hoppe.
Elev 7: 60m, fordi eg ikkje likar å springe.

Var det bra arrangert?
Elev 1: Bra, unntatt at det blei litt tull på slutten.
Elev 2: Ja, eg syntes det var bra.
Elev 3: Heilt greitt arrangert.
Elev 4: Bra, men uheldig med veret.
Elev 5: Heilt greitt.
Elev 6: Bra arrangert fordi at alt gjekk som planlagt.
Elev 7: Bra arrangert.

Var det god nok tid?
Elev 1: Kunne hatt litt betre tid.
Elev 2: Litt meir tid.
Elev 3: Det gjekk fint, treng ikkje meir tid.
Elev 4: Passe med tid.
Elev 5: Skulle hatt heile dagen til disposisjon.
Elev 6: God nok tid.
Elev 7: Mindre tid.