Snøballkrigen
går for seg på denne måten:
På
førehand har vi laga to borgar med ca. 15 meters avstand. Midt i mellom dei borgene
har vi plassert ei kjegle. Deretter delar vi oss inn i to lag som får kvar si
borg. Det er om og gjere å få tak i kjegla og bringe ho tilbake til borga si,
utan å bli treft av snøballar frå det andre laget. Viss du blir treft må du gå
av bana og vente til neste runde. For å gjere det rettferdig, har vi ein dommar
som seier ifrå når vi er treft.
Vi har
intervjua gymlærar Pål Mølmen om snøballkrig:
-Kastar
vi nok?
Nei, vi
kastar alt for lite! Både snøballkasting og ballkasting blir det gjort alt for
lite av. Før i tida, kasta vi kjempe
mykje. Ein kasta ikkje berre for å ha det artig før, men også for å overleve,
du måtte kaste for å få deg mat, og for å beskytte deg sjølv. Nå kastar vi
berre for moroskyld, og då blir det dessverre slik at vi kastar alt for lite.
-Korleis
skal vi bli gode til å kaste?
Det kjem
jo først og fremst an på kva du skal kaste, men viss vi tek eit eksempel; liten
ball. Alle har ulike fysiske forutsetinger, som vil seie at alle ikkje er like
gode til å kaste frå fyrste stund. Men du kan trene deg opp til å bli god. Når
du skal kaste, må du hugse og få med deg den «siste snerten», det er den som
utgjer dei siste 20-30 meterane ballen fær.
-Er vi
dårlegare til å kaste enn før?
Pål har
drive i 15 år som gymlærar her ved skula, og han seier at elevane som går på skulen
her nå er jamt over betre til å kaste nå enn då han byrja å jobbe her.
Han seier
også at vi her på skulen utviklar eigne reglar utifrå yukigassen og capture the
flag. Han ynskjer også at elevane skal ta med seg kunnskapen sin om kasting til
feriane.